27 Er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.
28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.
29 Eller korleis kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans.
30 Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast.
32 Den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som seier mot Den heilage ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.
33 Ta eit tre: Anten er det godt, og då er frukta òg god, eller det er dårleg, og då er frukta òg dårleg. På frukta kjenner vi treet.