32 Den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som seier mot Den heilage ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.
33 Ta eit tre: Anten er det godt, og då er frukta òg god, eller det er dårleg, og då er frukta òg dårleg. På frukta kjenner vi treet.
34 Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjartet er fullt av, det seier munnen.
35 Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på.
36 Det seier eg dykk: Kvart unyttig ord som folk seier, skal dei svara for på dommedag.
37 For etter orda dine blir du frikjend, og etter orda dine blir du felt.»
38 Nokre skriftlærde og farisearar tok då til orde og sa: «Meister, vi vil sjå deg gjera eit teikn.»