38 Nokre skriftlærde og farisearar tok då til orde og sa: «Meister, vi vil sjå deg gjera eit teikn.»
39 Han svara: «Ei vond og utru slekt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet.
40 For slik profeten Jona var i buken på den store fisken i tre dagar og tre netter, slik skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jorddjupet.
41 Folk frå Ninive skal stå fram i dommen saman med denne slekta og dømma henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona!
42 Dronninga frå landet i sør skal stå fram i dommen saman med denne slekta og dømma henne. For ho kom heilt frå ytste enden av jorda og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!
43 Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen.
44 Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå.’ Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og pynta.