4 Han gjekk inn i Guds hus, og dei åt skodebrøda, som verken han eller mennene hans hadde lov til å eta, men berre prestane.
5 Eller har de ikkje lese i lova at prestane kvar sabbat bryt sabbaten i tempelet og likevel er utan skuld?
6 Og det seier eg dykk: Her er det som er større enn tempelet!
7 Hadde de skjøna kva som ligg i dette ordet: ‘Det er miskunn eg vil ha, ikkje offer’, så hadde de ikkje dømt dei som er skuldlause.
8 For Menneskesonen er herre over sabbaten.»
9 Så gjekk han derifrå og kom inn i synagogen deira.
10 Der var det ein mann som hadde ei vissen hand, og dei spurde Jesus: «Er det tillate å lækja på sabbaten?» Dei ville ha noko å klaga han for.