8 For Menneskesonen er herre over sabbaten.»
9 Så gjekk han derifrå og kom inn i synagogen deira.
10 Der var det ein mann som hadde ei vissen hand, og dei spurde Jesus: «Er det tillate å lækja på sabbaten?» Dei ville ha noko å klaga han for.
11 Han svara: «Om ein av dykk har ein einaste sau, og sauen dett i ei grøft på sabbaten, vil han ikkje då ta tak i sauen og dra han opp?
12 Kor mykje meir verdt er ikkje eit menneske enn ein sau! Difor er det tillate å gjera godt på sabbaten.»
13 Og han sa til mannen: «Rett fram handa!» Han så gjorde, og handa vart god, like frisk som den andre.
14 Men farisearane gjekk ut og la planar mot han for å ta livet av han.