16 Men sæle er auga dykkar, for dei ser, og øyra dykkar, for dei høyrer.
17 Sanneleg, eg seier dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.
18 Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast:
19 Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sådd i hjartet. Dette er det som vart sådd attmed vegen.
20 Det som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede.
21 Men han har inga rot og held ut berre ei stund. Når han møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell han straks ifrå.
22 Det som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet, men uro for dette livet og den svikefulle rikdomen kveler ordet, så det ikkje gjev grøde.