23 Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre, seksti, tretti gonger det som er sådd.»
24 Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin.
25 Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg.
26 Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne.
27 Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’
28 ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei.
29 ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten.