3 Så tala han til dei i mange likningar og sa:«Ein såmann gjekk ut for å så.
4 Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.
5 Noko fall på steingrunn der det var lite jord, og det skaut straks opp fordi jorda var grunn.
6 Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.
7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det.
8 Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.
9 Den som har øyre, høyr!»