33 Endå ei likning fortalde han dei: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål med mjøl, til alt var gjennomsyra.»
34 Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han sa ikkje noko til dei utan i likningar.
35 Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten: Eg vil opna munnen og tala i likningar, bera fram det som har vore løynt frå verda vart grunnlagd.
36 Så tok Jesus farvel med folket og gjekk inn. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!»
37 Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen.
38 Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som er born av riket, ugraset er borna til den vonde.
39 Fienden som sådde ugraset, er djevelen. Innhaustinga er enden på verda, dei som haustar inn, er englane.