45 Like eins er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler.
46 Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte henne.
47 Like eins er himmelriket likt ei dragnot som vart sett i sjøen og fanga fisk av alle slag.
48 Då ho var full, drog fiskarane henne opp på stranda. Så sette dei seg ned og samla den gode fisken i kar, men den ubrukelege kasta dei ut.
49 Slik skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige
50 og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner.
51 Har de skjøna alt dette?» «Ja», svara dei.