55 Er ikkje dette son til tømmermannen? Heiter ikkje mor hans Maria? Er ikkje brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas?
56 Og systrene hans, bur dei ikkje her alle saman? Kvar har han så alt dette frå?»
57 Dei vart forarga og avviste han. Men Jesus sa til dei: «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden og i sitt eige hus.»
58 Og han gjorde ikkje mange mektige gjerningar der fordi dei var så vantruande.