6 Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.
7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det.
8 Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.
9 Den som har øyre, høyr!»
10 Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?»
11 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre.
12 For den som har, skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal mista sjølv det han har.