9 Den som har øyre, høyr!»
10 Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?»
11 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre.
12 For den som har, skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal mista sjølv det han har.
13 Difor talar eg til dei i likningar, fordi dei ser, men ser ikkje; dei høyrer, men høyrer ikkje og skjønar ikkje.
14 På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja: De skal høyra og høyra, men ikkje forstå, sjå og sjå, men ikkje skilja!
15 For hjartet til dette folket har vorte feitt; tungt høyrer dei med øyra, og auga har dei late att, så dei ikkje kan sjå med auga eller høyra med øyra eller skjøna med hjartet og venda om, så eg får lækja dei.