10 og han sende folk som skulle hogga hovudet av Johannes i fengselet.
11 Så vart hovudet hans bore inn på eit fat og gjeve til jenta, og ho gjekk til mor si med det.
12 Men læresveinane hans kom og henta liket og gravla det. Sidan gjekk dei til Jesus og fortalde det som hadde hendt.
13 Då Jesus fekk høyra det, gjekk han ut i ein båt og drog derifrå til ein aud stad, så han kunne vera åleine. Men folk fekk vita det, og dei kom etter han til fots frå byane.
14 Då han steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei og lækte dei som var sjuke.
15 Då det leid til kvelds, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og kjøpa seg mat.»
16 «Dei treng ikkje gå herifrå», sa Jesus, «de skal gje dei mat!»