14 Då han steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei og lækte dei som var sjuke.
15 Då det leid til kvelds, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og kjøpa seg mat.»
16 «Dei treng ikkje gå herifrå», sa Jesus, «de skal gje dei mat!»
17 «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar», svara dei.
18 Då sa Jesus: «Kom hit til meg med det!»
19 Så baud han folket setja seg i graset. Og han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Så braut han brøda og gav dei til læresveinane, og læresveinane gav dei til folket.
20 Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, tolv fulle korger.