19 Så baud han folket setja seg i graset. Og han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Så braut han brøda og gav dei til læresveinane, og læresveinane gav dei til folket.
20 Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, tolv fulle korger.
21 Dei som hadde ete, var omkring fem tusen menn forutan kvinner og born.
22 Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, medan han tok farvel med folket.
23 Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be.Då det leid til kvelds, var han der åleine.
24 Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot.
25 Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen.