24 Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot.
25 Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen.
26 Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei gripne av redsle. «Det er eit gjenferd!» sa dei og var så redde at dei skreik.
27 Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»
28 Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.»
29 «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus.
30 Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!»