4 For Johannes hadde sagt til Herodes: «Du har ikkje lov å ha henne.»
5 Herodes ville helst ha drepe han, men han var redd folket; dei heldt Johannes for å vera ein profet.
6 Men då Herodes feira fødselsdagen sin, dansa dotter til Herodias for gjestene. Herodes vart så oppglødd over dette
7 at han med eid lova å gje henne kva ho så bad om.
8 Då fekk mora henne til å seia: «Gjev meg hovudet til døyparen Johannes på eit fat.»
9 Kongen vart sorgfull; men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, baud han at ho skulle få det,
10 og han sende folk som skulle hogga hovudet av Johannes i fengselet.