1 Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:
2 «Kvifor bryt læresveinane dine overleveringa frå dei gamle? Dei skyl ikkje hendene før dei et.»
3 «Og de», svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dykkar eiga overlevering?
4 For Gud har sagt: ‘Æra far din og mor di’ og: ‘Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy’.