14 Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde rettleiarar for blinde. Og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»
15 Då tok Peter til orde og sa: «Forklar denne likninga for oss.»
16 «Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus.
17 «Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og fer ut dit det skal?
18 Men det som går ut av munnen, kjem frå hjartet, og det gjer mennesket ureint.
19 For frå hjartet kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott.
20 Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta utan å skylja hendene gjer ikkje eit menneske ureint.»