19 For frå hjartet kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott.
20 Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta utan å skylja hendene gjer ikkje eit menneske ureint.»
21 Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon.
22 Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.»
23 Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.»
24 Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.»
25 Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!»