21 Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon.
22 Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.»
23 Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.»
24 Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.»
25 Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!»
26 Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»
27 «Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.»