24 Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.»
25 Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!»
26 Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»
27 «Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.»
28 Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda.
29 Då Jesus drog derifrå, tok han vegen langs Galileasjøen, og han gjekk opp i fjellet og sette seg der.
30 Då kom folk til han i store flokkar. Dei hadde med seg lamme, uføre, blinde og stumme og mange andre, og la dei ned for føtene hans, og han lækte dei.