30 Då kom folk til han i store flokkar. Dei hadde med seg lamme, uføre, blinde og stumme og mange andre, og la dei ned for føtene hans, og han lækte dei.
31 Folket undra seg då dei såg stumme tala, uføre bli friske, lamme gå og blinde sjå. Og dei lova Israels Gud.
32 Jesus kalla læresveinane til seg og sa: «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Eg vil ikkje la dei fara svoltne heim, for då kunne dei bli heilt utmatta på vegen.»
33 Læresveinane svara: «Kvar kan vi få tak i brød her i øydemarka til å metta så mykje folk?»
34 «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju», svara dei, «og nokre småfiskar.»
35 Då bad han folket setja seg på marka.
36 Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, og læresveinane gav til folket.