6 han treng ikkje heidra far sin {{eller mor si}}.’ Slik har de sett Guds bod til sides av omsyn til dykkar eiga overlevering.
7 De hyklarar! Jesaja profeterte rett om dykk då han sa:
8 Dette folket ærar meg med leppene, men hjartet er langt borte frå meg.
9 Dei dyrkar meg fåfengt, for det dei lærer, er menneskebod.»
10 Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr og forstå!
11 Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.»
12 Då gjekk læresveinane til han og sa: «Veit du at farisearane vart støytte då dei høyrde dette?»