8 Dette folket ærar meg med leppene, men hjartet er langt borte frå meg.
9 Dei dyrkar meg fåfengt, for det dei lærer, er menneskebod.»
10 Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr og forstå!
11 Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.»
12 Då gjekk læresveinane til han og sa: «Veit du at farisearane vart støytte då dei høyrde dette?»
13 Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har planta, skal rivast opp med rot.
14 Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde rettleiarar for blinde. Og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»