10 Eller dei sju brøda til dei fire tusen, og kor mange korger de då fekk att?
11 Korleis kan de tenkja at det var brød eg tala om? Men ta dykk i vare for surdeigen til farisearane og saddukearane.»
12 Då skjøna dei at det ikkje var surdeig i brød dei skulle akta seg for, men læra til farisearane og saddukearane.
13 Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?»
14 Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.»
15 «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?»
16 Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»