18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.
19 Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.»
20 Så forbaud han læresveinane strengt å seia til nokon at han var Messias.
21 Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.
22 Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.»
23 Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»
24 Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg.