11 Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk.
12 Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei ville ikkje vita av han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.»
13 Då skjøna læresveinane at han tala til dei om døyparen Johannes.
14 Då dei kom ned til folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han
15 og sa: «Herre, miskunna deg over son min. Han er månesjuk og lid mykje vondt; ofte fell han i elden og ofte i vatnet.
16 Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.»
17 Jesus svara: «Du vantruande og vrange slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit med guten!»