19 Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»
20 «Fordi de har så lite tru», svara han. «Sanneleg, eg seier dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: ‘Flytt deg herifrå og dit!’ – då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogleg for dykk.
21 {{Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.}}»
22 Medan dei enno gjekk omkring saman i Galilea, sa Jesus til dei: «Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske;
23 dei skal slå han i hel, og tredje dagen skal han reisast opp att.» Då vart dei svært sorgfulle.
24 Då dei vel var framme i Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, bort til Peter og spurde: «Betaler ikkje meisteren dykkar skatt til tempelet?»
25 «Jau, det gjer han», svara Peter. Då han kom heim, spurde Jesus, før Peter hadde sagt noko: «Kva meiner du, Simon? Kven er det kongane på jorda krev toll eller skatt av? Er det av borna sine eller av framande?»