20 «Fordi de har så lite tru», svara han. «Sanneleg, eg seier dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: ‘Flytt deg herifrå og dit!’ – då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogleg for dykk.
21 {{Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.}}»
22 Medan dei enno gjekk omkring saman i Galilea, sa Jesus til dei: «Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske;
23 dei skal slå han i hel, og tredje dagen skal han reisast opp att.» Då vart dei svært sorgfulle.
24 Då dei vel var framme i Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, bort til Peter og spurde: «Betaler ikkje meisteren dykkar skatt til tempelet?»
25 «Jau, det gjer han», svara Peter. Då han kom heim, spurde Jesus, før Peter hadde sagt noko: «Kva meiner du, Simon? Kven er det kongane på jorda krev toll eller skatt av? Er det av borna sine eller av framande?»
26 «Av framande», svara Peter. «Så går borna fri då», sa Jesus.