5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!»
6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle.
7 Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»
8 Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.
9 På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei: «Fortel ikkje nokon om dette synet før Menneskesonen har stått opp frå dei døde.»
10 Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?»
11 Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk.