8 Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.
9 På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei: «Fortel ikkje nokon om dette synet før Menneskesonen har stått opp frå dei døde.»
10 Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?»
11 Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk.
12 Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei ville ikkje vita av han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.»
13 Då skjøna læresveinane at han tala til dei om døyparen Johannes.
14 Då dei kom ned til folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han