1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»
2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei
3 og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.
4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
6 Men den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup.