10 Ta dykk i vare så de ikkje ser med forakt på ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Dei har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far.
11 {{For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var tapt.}}
12 Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar?
13 Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han finna sauen, då gler han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje gjekk seg vill.
14 Slik vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt.
15 Syndar bror din {{mot deg}}, så gå til han og still han til ansvar på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din.
16 Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak vera avgjord.