22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!
23 Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine.
24 Då han tok til med oppgjeret, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar.
25 Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast.
26 Men tenaren fall på kne for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg alt saman.’
27 Herren fekk inderleg medkjensle med han, sleppte han fri og ettergav han skulda.
28 Då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip medtenaren, tok strupetak på han og sa: ‘Betal det du skuldar!’