1 Då Jesus hadde fullført denne talen, tok han ut frå Galilea og drog til Judea-landet bortanfor Jordan.
2 Mykje folk følgde han, og han lækte dei der.
3 Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?»
4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei som mann og kvinne
5 og sa: ‘Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp’?
6 Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»
7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses gjeve bod om at mannen skal gje kvinna skilsmissebrev før han kan senda henne frå seg?»