14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.»
15 Og han la hendene på dei. Så drog han derifrå.
16 Då kom det ein mann til han og spurde: «Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?»
17 Jesus svara: «Kvifor spør du meg om det gode? Éin er den gode. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!»
18 «Kva for bod?» spurde mannen. Jesus svara: «Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt,
19 du skal æra far din og mor di, og du skal elska nesten din som deg sjølv.»
20 «Alt dette har eg halde», svara den unge mannen. «Kva står då att?»