19 du skal æra far din og mor di, og du skal elska nesten din som deg sjølv.»
20 «Alt dette har eg halde», svara den unge mannen. «Kva står då att?»
21 Jesus sa til han: «Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!»
22 Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sorgtung bort, for han eigde mykje.
23 Då sa Jesus til læresveinane: «Sanneleg, eg seier dykk: Det er vanskeleg for ein som er rik, å koma inn i himmelriket.
24 Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»
25 Då læresveinane høyrde det, vart dei heilt forstøkte og sa: «Kven kan då bli frelst?»