24 Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»
25 Då læresveinane høyrde det, vart dei heilt forstøkte og sa: «Kven kan då bli frelst?»
26 Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg; men for Gud er alt mogleg.»
27 Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?»
28 Jesus sa til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Når alt skal fødast på nytt og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har følgt meg, sitja på tolv troner og dømma dei tolv Israel-stammane.
29 Og alle som har forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att hundre gonger og arva evig liv.
30 Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.