3 Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?»
4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei som mann og kvinne
5 og sa: ‘Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp’?
6 Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»
7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses gjeve bod om at mannen skal gje kvinna skilsmissebrev før han kan senda henne frå seg?»
8 Jesus svara: «Fordi hjarta dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så.
9 Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»