6 Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»
7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses gjeve bod om at mannen skal gje kvinna skilsmissebrev før han kan senda henne frå seg?»
8 Jesus svara: «Fordi hjarta dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så.
9 Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»
10 Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.»
11 Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta inn over seg, men berre dei som har fått gåve til det.
12 For somme er evnukkar fordi dei er komne slik frå mors liv, andre fordi menneske har gjort dei til evnukkar, men det finst òg dei som har gjort seg sjølve lik ein evnukk for himmelriket skuld. Lat dei ta dette til seg, dei som kan.»