1 Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem
2 og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.»
3 Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.
4 Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd.
5 «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:
6 Du Betlehem i Juda land, blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste. For frå deg skal det koma ein fyrste, ein hyrding for mitt folk Israel.»
7 Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg.