14 Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta.
15 Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.
16 Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene.
17 Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:
18 I Rama høyrest skrik, gråt og høglydt klage: Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta. For dei er ikkje meir.
19 Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt
20 og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israels-landet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.»