16 Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene.
17 Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:
18 I Rama høyrest skrik, gråt og høglydt klage: Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta. For dei er ikkje meir.
19 Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt
20 og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israels-landet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.»
21 Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet.
22 Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea.