2 og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.»
3 Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.
4 Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd.
5 «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:
6 Du Betlehem i Juda land, blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste. For frå deg skal det koma ein fyrste, ein hyrding for mitt folk Israel.»
7 Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg.
8 Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.»