11 Dei tok imot pengane, murra mot jordeigaren
12 og sa: ‘Dei som kom sist, har ikkje arbeidd meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!’
13 Han sa til ein av dei: ‘Ven, eg gjer deg ikkje urett. Var vi ikkje samde om ein denar?
14 Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg.
15 Har eg ikkje lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?’
16 Såleis skal dei siste bli dei første og dei første dei siste.»
17 Jesus drog no opp til Jerusalem. På vegen tok han dei tolv læresveinane til sides og sa til dei: