14 Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg.
15 Har eg ikkje lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?’
16 Såleis skal dei siste bli dei første og dei første dei siste.»
17 Jesus drog no opp til Jerusalem. På vegen tok han dei tolv læresveinane til sides og sa til dei:
18 «Sjå, vi går opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast over til overprestane og dei skriftlærde. Dei skal dømma han til døden
19 og gje han over til heidningane, så han blir spotta, piska og krossfest. Og tredje dagen skal han reisast opp.»
20 Då kom mor til Sebedeus-sønene til han med sønene sine og fall på kne for å be han om noko.