18 «Sjå, vi går opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast over til overprestane og dei skriftlærde. Dei skal dømma han til døden
19 og gje han over til heidningane, så han blir spotta, piska og krossfest. Og tredje dagen skal han reisast opp.»
20 Då kom mor til Sebedeus-sønene til han med sønene sine og fall på kne for å be han om noko.
21 «Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Lov meg at desse to sønene mine skal få sitja ved sida av deg i riket ditt, den eine på høgre og den andre på venstre sida.»
22 «De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg skal drikka?» «Det kan vi», svara dei.
23 Då sa han: «Mitt beger skal de drikka, men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har gjort i stand for.»
24 Då dei ti andre høyrde dette, vart dei sinte på dei to brørne.