24 Då dei ti andre høyrde dette, vart dei sinte på dei to brørne.
25 Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane over folka undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand.
26 Men slik skal det ikkje vera blant dykk. Den som vil bli stor mellom dykk, skal vera tenaren dykkar;
27 og den som vil vera den første av dykk, skal vera slaven dykkar.
28 Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»
29 Då dei tok ut frå Jeriko, følgde det mykje folk med han.
30 Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»